måndag 9. november 2009
Kva gledar du deg til?
Eg fekk dette spørsmålet av ein elev i sist veke, og eg har i grunnen tenkt ein del på dette. Kva gledar eg meg til? Då eg fekk spørsmålet, visste eg ikkje kva eg skulle svare. Så eg sa berre "jul". Men når eg tenkjer meg litt om, så stemmer faktisk dette. Når det gjeld jula, så er eg som ein unge. Pynting av tre på lille julaftan, besøk hos Gyrid og Tore, Askepott og Disney på julaftan. Alt er magisk og eg bare gler meg. (Sjølvsagt gler eg meg aller mest til Å kjem heim!) Eg har så vidt starta julehandelen, berre slike ting som eg kjem over og tenkjer "åh, den må han eller ho få". Dessutan ser eg fram til advent og pynting, og eg håpar på ei kvit jul,men er fullstendig klar over at det skal litt til... Då eg kom heim til jul i fjor, såg det slik ut. Koseleg?
tysdag 3. november 2009
Hugsar du desse?
Eg sit og gjer ingenting av det eg burde, verken les eller skriv oppgåver. Når ein har ein "blåleg" dag er litt mimring fint.
Kalle Klovn
Brannmann Sam
Fragglene
Sesam Stasjon
Gullars
Pernille
Midt i Smørøyet
Digge-songen
Kalle Klovn
Brannmann Sam
Fragglene
Sesam Stasjon
Gullars
Pernille
Midt i Smørøyet
Digge-songen
måndag 2. november 2009
Amor og sånt
Eg er fullstendig klar over at eg har svikta både blogg og lesarar den siste tida... Men no har det seg altså slik at i sommar var Amor ute med pilene sine og dei traff meg midt i hjarterota med forelskelsesgifta si. Eg er blitt ein fisk på land, som aller helst berre vil leva på kjærlighet i sofakroken. Så ,ny sivilstatus, og er meir enn nøgd med det! Men det har altså ført til at eg har hatt litt mindre tid mellom hendene, og då er det tydelegvis bl.a blogginga mi det har gått utover. For tida er min aller kjæreste på ferie i Australia, og eg er i Suldal og er vikar samtidig som er prøver å sjonglera diverse mappeoppgåver. Dermed er ikkje kjærligheten i sofaen nokon realitet for tida, og eg jobbar med å komme meg ut av dvale- (og tidvis insomnia?) tilstanden. Hadde nettopp min lekre mann på telefonen, og eg glede meg til han kjem heim!
I helga hadde eg jentebesøk på Stord, masse god prat og god mat. Var veldig kjekt å gjera jenteting i lag med venninnene mine. Eg kjøpte meg eit fat til å ha lys på, veldig nøgd med korleis det vart. Takk til Maria som hjalp til med utforminga og takk til Stine som fant fatet!
Det nye studiet mitt, Master i IKT i læring, allmenndidaktisk profil, er foreløpig alt anna enn lett og greit. Eg bruker utruleg mykje tid på berre å forstå kva oppgåvene eigentleg går ut på, og enda meir tid på å prøve å skrive noko.... Derfor burde eg vel komma meg tilbake til bøker og oppgåveskriving, og heller prøve å oppdatere her litt oftare.
onsdag 19. august 2009
Sopptid
Hausten er allereie komen, og eit synleg bevis er at soppen hoppar fram overalt. Eg har hatt fleire turar, og har fått fanga ganske mykje. Den turen som til nå kanskje har vore kjekkast, var den turen eg tok på måndag, i lag med Jannicke og Amalie. Me gjekk opp i skogen bak huset vårt og fekk nesten full bøtta. Her er nokre bilete.

Men alle bør kanskje ikkje plukkast?
Men alle bør kanskje ikkje plukkast?
fredag 7. august 2009
Summer moved on
Time flies! Sommaren er snart over og me går tilbake til jobb og studier. Det kjennest som at ferien nett har starta, sjøl om det samstundes er lenge sidan eg var i Bergen. Det er som alt og ingenting har skjedd, eg har jobba og feriert, men likvel står tida på ein måte stille. Hadde nokre late, flotte dagar på Stord og Bømlo og ei kjekk i helg i Stavanger på Glad Mat. Sist helg var eg på konsert på Stord, der spela blant andre Pony the Pirate. Eit nytt band er lagt til i favorittar!
Eg går ein spennande haust i møte, nye folk og nytt studie. Strengt tatt er eg litt nervøs for heile opplegget, men heldigvis er ikkje Bergen så langt vekke! Elles er det visst lærarmangel i Suldal, for eg har blitt oppringt fleire gonger i det siste. Er jo fristande å komma i gong,men ikkje så fristande å starta her, kanskje.
Ikkje tatt så mange bilete i sommar, av den enkle grunn at eg ikkje fann ladaren til kamera mitt. Men eg fann eit motiv på Bømlo som eg likte godt.Klarer ikkje heilt å bestemma meg for kva eg liker best. Kva synest du?

Hadde også ei super avslutning med klassen, her er Stine og meg.

torsdag 2. juli 2009
Those were the days...
Sit og sløvar på nettet, og fann ut at eg skulle inn på Randi K si side. Der er det tydelegvis lenge sidan eg har vore, for eg fann bilete frå avslutninga av Mat- og Kulturfaget som me hadde i vinter. Kan nesten ikkje fatte at dette studieåret er over, og me er allereie i juli. Heldigvis vart semesteret avslutta på supert vis med den mest fantastiske klassen ever! Då dessertlaging eigentleg ikkje er mi greie, så må eg berre vise fram noko av det eg vart mest nøgd med i løpet av året

Då eg ikkje fekk tatt bilete sjølv, takkar eg Randi og håpar det er greit...
I Suldal er det ganske så hot hot hot, men eg har heldigvis ein kjekk sommarjobb der eg kan få vere ute og springe i vasspreiar osv. Elles har eg flytta inn på Stord, og gler meg eigentleg til å bu der, berre litt bekymra for alt som kryp.
Har forresten òg hugsa å vatne blomane, både ute og inne, så foreløpig berre eit mogleg dødsfall på det området. Og apropos dødsfall, eg sørger over Michael Jackson. Det vil sei, eg er ikkje heilt sikker på kva eg meiner om personen, men musikken som fyren har laga er berre ubeskrivelig god. Så eg må innrømma at eg sat og fulgte med på Los Angeles Times sine nettsider sist veka, frå dei fann han til han vart erklært død. Og til og med faren min, som påstår han ikkje bryr seg, sat i kjellaren og fulgte med på CNN, så det så.
Ha ei fortsatt god sommarnatt kjære venner!
P.S No var du flink, Linda! Var jo på tide:)

onsdag 27. mai 2009
Vår
Våren er her! Det vil sei, den har vel vore her ein god stund nå... Hagen er i full blom og eg må søka dekning i kjellaren på grunn av pollen. Takk og pris for antihistaminer og sånt. Eg gler meg te sommaren kjem med grilling, Mosvatnet, slappe dagar på sommarøya (Stord sjølvsagt!)og venninnetreff. Har ikkje lagt nokon konkrete planar for ferien endå, så forslag mottas gjerne. Einaste eg har fått klart er at eg skal jobba eit par-tre veker i juli.
Var i London i helga, der klarte eg å pådra meg ein aldri så liten smakebit av influensa, så er framleis i Suldal og prøver desperat å kvitta meg med elendigheten. Flott timing som alltid.
Her er nokre av tapasrettene eg laga til mamma sin bursdag. Eg laga blant anna Tzatziki, salsa, guacamole,fylt sopp. serranoskinke og ruccolasalat, greske kjøttboller, tunfiskstjerner, kyllingkebab, bacondadler, stekte potetbåtar, nypotetsalat, djevelegg, focacciabrød.

Også i år feira eg 17.mai i Suldal, akkurat slik som då eg gjekk på skule her. Lite er forandra, opplegget så godt som identisk. Sjølv er eg ikkje noko stort fan av heile feiringa, men det er forsåvidt greit nok når ein berre har komme seg ut. Dessutan treff ein jo venner og kjente.

Elles prøver eg å få ei oversikt over entreprenørskap og forebyggjande helsearbeid, dog er det vel strengt tatt eg som treng stell av helsepersonell etter at pelsverket har laga eit solid klor nedover ryggen min. Det er klart av rasling med aviser kan framkalla anfall hos Polly...

Abonner på:
Innlegg (Atom)